Læreplankoblet

Tre på rad – brøk og prosent

Stikkord: Brøk Prosent

Aktivitet

tabell med brøk og prosent

Dette spelet passar for 2–3 spelarar. Kvar spelar skal ha seks brikker i same farge. Dei skal plasserast ut på spelebrettet undervegs.

Spelarane kastar etter tur to terningar og lagar ein brøk der verdien på den eine terningen er teljar, og den andre er nemnar. Spelaren skal bedømme storleiken på brøken han lagar, finne prosenten som svarer til brøken, og til slutt leggje ei av brikkene sine på ei rute som viser denne prosenten.

Døme: Terningane viser \(3\) og \(4\). Du kan lage brøken \(3 \over 4\) og leggjee brikka på \(75\%\), eller \(4 \over 3\) og leggje brikka på \(133 {1\over 3}\%\).

Dersom ingen ledige ruter passar til prosentane spelaren kan lage, legg han brikka på ei av rutene med smilefjes. Når brikkene til alle spelarane er lagt ut, held spelet fram ved at brikkene som står på brettet, blir flytta til nye posisjonar, dersom spelarane får ein annan brøk på brettet. Spelet held fram til ein av spelarane har fått tre på rad: vassrett, loddrett eller diagonalt. Smilefjesa inngår i tre på rad.


Bruk vedlagde kopioriginal som spelebrett.

 

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Formålet med aktiviteten er å bedømme storleiken på brøkar og sjå samanhengen mellom brøk og prosent. Elevane skal lage brøkar ved hjelp av to terningar, og finne tilsvarande verdi uttrykt som prosent. Dei må argumentere for løysingane sine, gjerne ved å referere til referansetal som null, ein halv og ein.

Mogleg tilnærming

Spillet blir introdusert munnleg. Det kan vere ein fordel å vise korleis spelet fungerer ved at du speler mot elevane. Du skal ikkje avsløre kva brøkar og prosent som høyrer saman. Det skal elevane oppdage og utnytte i spelet. Dette er eit spel som godt kan spelast jamleg.

Gode rettleiingsspørsmål

Det er fint om elevane får streve litt med dette spelet før dei blir rettleidde vidare. Rettleiinga bør vere resonnerande og gjerne vende mot svara dei allereie har funne.

  • Korleis kan de bruke det de har funne ut til å finne nye verdiar av brøkar og prosent?

  • Vil denne brøken vere større eller mindre enn …?

  • Kan vi sjå om brøken er større eller mindre enn ein halv? Ein kvart? Ein heil?

  • Har de utforska moglegheitene ved å utvide eller forkorte brøkar?

Mogleg utviding

Lag eit liknande spel som passar til andre typar terningar (til dømes av typen 0–9, 1–12 eller 1–20). Tilpass spelebrettet til dei nye brøkane. Finnes det prosent som bør stå fleire gonger?

Mogleg støtte

Det kan vere ei god støtte for enkelte elevar å lage ein tabell der dei noterer kva brøkar og prosent som høyrer saman. Tabellen kan strukturerast etter storleikar på brøkane og prosentane, til dømes slik:

støttetabell

 

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
8,9