Læreplankoblet

Pinnebilete

Aktivitet

Denne oppgåva krev samarbeid i grupper på fire. Tanken er at du skal gjere oppgåva sjølv, men med råd og støtte frå andre gruppemedlemmer.
Ein vaksen kan vurdere kor godt gruppa hjelper kvarandre med å gjere ting sjølve – responderer på behova til kvarandre – alle hjelper alle – forklarer ved å fortelje korleis.

Tegning av fire pulter sett ovenfra med pinner på hver pult

På biletet ovanfor ser du korleis pultane og noko utstyr må setjast opp slik at alle ser alle, men ingen ser kva nokon andre byggjer (bak den raude skiljeveggen). Ei måte å gjere det på er at designaren sit med andletet mot dei tre andre og lagar biletet sitt inni ei eske, medan dei andre på gruppa prøver å lage det same bak ei bok eller ein perm som fungerer som skiljevegg.

Vel ein på gruppa som skal vere designar.

De treng fire sett med ispinnar eller liknande, opptil ti i kvart sett. Gi eitt sett ispinnar til kvar av dei fire gruppemedlemmene.

Designaren lagar deretter eit ispinnebilete som er skjult for resten av gruppa. Medan han lagar biletet, forklarer han korleis det ser ut, slik at dei andre gruppemedlemmene kan lage same bilete.

Gruppemedlemmene kan når som helst stille spørsmål til designet, og designaren svarar på ein så hjelpsam måte som råd.

Når ein gruppemedlem trur ho har fullført rett bilete, ber ho designaren kontrollere det. Dersom det er rett, kan ho hjelpe designaren med å svare på spørsmål. Er det ikkje rett, held ho fram med oppgåva.

Hugs at all hjelp må givast utan at designaren ser designet til den som stiller spørsmålet.

Oppgåva kan når som helst avsluttast for å diskutere spørsmåla og svara som blir stilte. Korleis er dei til hjelp eller hindring for å løyse oppgåva?

Starthjelp

Veit du kor mange pinnar designaren har brukt?

Det kan vere lurt å stille spørsmål der du bruker nokre av desse orda.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva fokuserer på å skape figurar og mønster av linjestykke, og det blir lagt vekt på presist språk for å beskrive posisjon og orientering. Elevane må lytte nøye for å kunne følgje instruksjonane dei får, og forklare på ein presis måte kva dei gjer med pinnane. I denne oppgåva må dei også arbeide på måtar som utviklar samarbeidsferdigheiter, som å respondere på behova til andre og å kommunisere med presist språk.

Mogleg tilnærming

Del elevane i grupper på fire eller fleire. Ein vaksen kan vere observatør dersom det let seg gjere.

Før du set i gang den praktiske aktiviteten, kan det vere lurt at alle elevane teiknar designet sitt, slik at det er klart til dei etter tur skal vere designar for resten av gruppa si. Med rutepapir kan teikneoppgåva og overføringa til praksis bli meir overkomeleg.

Gruppene skal fokusere på å spørje, forklare og hjelpe kvarandre. Jamvel om det å fullføre oppgåva er tilfredsstillande i seg sjølv, er ikkje det hovudmålet for aktiviteten.

Om elevane treng hjelp til å finne omgrep som beskriv posisjon, kan dei sjå på denne lista.

Når gruppene er ferdige med oppgåva, er det viktig å diskutere, både i grupper og plenum, kor godt dei arbeidde saman for å løyse oppgåva og samarbeide. Dei kan vurdere kva dei har lært av denne erfaringa, og kva dei vil gjere annleis neste gong, særleg med tanke på korleis dei kan stille spørsmål og svare effektivt på dei.

Gode rettleiingsspørsmål

  •  Stilte nokon spørsmål som du syntest var til hjelp for deg?
  •  Kor godt lytta du til andre i gruppa?
  •  Kor lett var det å bruke svara på spørsmål som vart stilte?
  •  Var det nokre svar som var til særleg stor hjelp?

Ressursen er utviklet av NRICH

8