Læreplankoblet

Trekant, eller ikkje?

Aktivitet

Et kvadrat

Kva veit du om denne figuren?

Når du har tenkt deg om, kan du sjå på kva fire andre barn har sagt, ved å trykkje på namna deira nedanfor:

Karoline

"Figuren har fire sider. Alle sidene er svarte."

Omar

"Det er fire hjørne, og sidene mellom hjørna er heilt rette."

Frank

"Sidene i figuren er like lange."

Mari

"Dersom vi teiknar denne figuren på eit ark, vil den nedste linja gå i same retning som den nedste linja på arket."

Kva for ein av desse eigenskapane fortel oss at figuren er eit kvadrat?
Vel det eit av barna seier. Vil figuren framleis vere eit kvadrat om vi sa det annleis?
Kva av det som blir sagt, er ikkje viktig for å beskrive eit kvadrat?

No skal vi sjå på nokre andre eigenskapar ved geometriske figurar.

Trekant

 

 

 

 

Kva veit du om denne figuren?
Korleis kan du overtyde andre om at det du veit, stemmer?

10 forskjellige figurer


Kva for nokre av desse figurane er trekantar?

Kva for nokre er ikkje trekantar?

Korleis kan du vere sikker?

Starthjelp

  • Du kan skrive ut kopioriginalen og klippe ut figurane. Prøv å snu figurane rundt slik at forskjellige sider peikar opp.
  • Tenk på det du veit om trekantar. Trur du denne forma er ein trekant? Kvifor eller kvifor ikkje? Del tankane dine med nokon, og høyr om de er einige.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva vil kunne gi barn meir forståing av eigenskapane hos geometriske figurar, særleg det som definerer trekantar. Ved å diskutere den innleiande problemstillinga som fokuserer på eigenskapar ved kvadrat, kan misoppfatningar om rektangel og kvadrat belysast (alle kvadrat er rektangel).

Barn assosierer ofte ordet trekant med visse mentale bilete, for eksempel ein trekant i ei viss orientering eller ein likesida trekant – såkalla prototypefigurar. Vi bør ha som mål at barna blir vane med ein definisjon av trekantar, og at definisjonen blir raffinert gjennom matematiske erfaringar. Bileta i denne oppgåva kan appellere til naturleg nysgjerrigheit hos barn, og byr på moglegheiter til mange utfordrande hypotesar. Å diskutere eigenskapane til figurane saman med andre utvidar omgrepsapparatet til barn, og då det trengst det eit presist språk for å kommunisere effektivt.

Mogleg tilnærming

Begynn med nokre store todimensjonale figurar på tavla. Vel ein av figurane (f.eks. eit kvadrat), og be barna diskutere kva for eigenskapar dei kan sjå og beskrive. Kva for eigenskapar må til for at vi heilt sikkert kan kalle figuren eit kvadrat? Vil det framleis vere eit kvadrat dersom vi roterer figuren litt? Kvifor eller kvifor ikkje?

Når barna er komfortable med å diskutere eigenskapar og kan bruke namn til å klassifisere ein figur, kan du introdusere eit bilete av ein trekant. Spør korleis dei veit at det er ein trekant. Kva for eigenskapar ser dei? Vis biletet av trekantane i tabellen, og diskuter eigenskapane til nokre av figurane medan du skriv ned nøkkelord som elevane bruker når dei beskriv figurane (f.eks. side, hjørne, rett, bogen, spiss).

Når elevane har diskutert eigenskapane til nokre av desse figurane, kan du dele ut tabellen frå kopioriginalen. La barna arbeide i par medan dei lagar ei liste over dei figurane som er trekantar, og dei som ikkje er trekantar.

Arbeidet med oppgåva bør avsluttast med ein felles diskusjon, der barna får dele tankane og argumenta sine. Oppfordre barna til å støtte eller utfordre forklaringar som andre kjem med, og argumentere for kvifor dei er einige eller ueinige. Bli einige om kva for figurar som er trekantar og ikkje, og belys misoppfatningar som kjem fram gjennom arbeidet.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kor mange sider har denne figuren?
  • Kva kan du seie om desse sidene?
  • Kva kan du seie om desse hjørna og vinklane?
  • Korleis veit du at denne figuren er ein trekant?
  • Korleis veit du at denne figuren ikkje er ein trekant?

Mogleg utviding

Barna kan setje namn på nokre av figurane som ikkje er trekantar. Lag ein plakat om trekantar – teikn eigne figurar som er trekantar, og figurar som ikkje er trekantar. Dei kan arbeide vidare med oppgåva «Hva heter trekanten?». Ho handlar om å klassifisere trekantar ut frå sidelengder og vinklar.

Mogleg støtte

Barna kan klippe ut figurane, slik at dei kan snu og rotere dei.

Ressursen er utviklet av NRICH

8