Læreplankoblet

Telje marihøner

Aktivitet

Nokre barn leika ein leik.
Dei samla på kort med marihøner på.
Her er korta deira:

Aisha:

Benjamin:

Carmel:

Daniel:

Elena:

Lag eit bilete eller eit diagram som viesr kor mange marihøner kvart barn har.

Starthjelp

Kor mange marihøner har kvart barn?
Korleis kan vi lettare sjå kor mange marihøner kvart av barna har? 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gir elevane moglegheit til å vurdere data som dei ikkje har samla sjølve. Det er nokre fordelar med det: Du veit at alle har den same informasjonen, og treng ikkje å kontrollere om datainnsamlinga har gått rett for seg. Det inneber at fokuset heller kan vere på analyse og representasjon av data enn på innsamling.

Mogleg tilnærming

Elevane må først få oversikt over situasjonen. Det kan vere nyttig at dei tenkjer over og diskuterer kva spørsmålet i oppgåva går ut på. Gi dei høve til å kome med mange forslag, utan å insistere på å få eit raskt svar. Spør deretter korleis dei har tenkt.

Herifrå kan fokuset vere på korleis data kan representerast. Ver førebudd på mange ulike svar – løysinga treng ikkje berre vere ulike diagram. Forslaga kan gi innsikt i måtane elevane tenkjer og systematiserer på. Ein samtale rundt representasjonar er heilt sentral i denne aktiviteten, og det kan også avdekkje noko om erfaringar som elevane har frå før med behandling av data.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kor mange marihøner har kvart barn?
  • Korleis kan du vise kor mange marihøner kvart barn har?
  • Korleis kan du lage eit bilete eller eit diagram som viser det?

Mogleg utviding

Nokre elevar kan oppfordrast til å representere informasjonen på fleire måtar. Du kan også la dei forklare kva for ein representasjon dei synest fungerer best, og kvifor.

Mogleg støtte

Enkelte elevar vil heller bruke konkret, som kubar eller teljebrikker, til å representere ideane sine, enn å skrive eller teikne på papir. Kanskje kan dei vise med konkret først, og så vise resultatet med ei enkel teikning eller med matematiske symbol.

Ressursen er utviklet av NRICH

8