Læreplankoblet

Ein stabel med sjiraffar

Problem

 

Giraffen

Løysing

Vi veit at eit fly flyg mellom 9000 og 12 500 meter over bakken. 9000 meter gir 9000 : 5 = 1800 sjiraffar, og 12 500 meter gir 12 500 : 5 = 2500 sjiraffar. Det vil seie at ein stad mellom 1800 og 2500 sjiraffar måtte ha balansert oppå kvarandre dersom dei som sit i flyet, skulle sett den øvste.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva kan gi elevane meir kompetanse i problemløysing. Det er ingen klar framgangsmåte, og innbyr til fleire løysingsstrategiar. Eleven får også høve til å øve på hovudrekningsstrategiar i multiplikasjon og divisjon.

Mogleg tilnærming

Her er det rom for undring og spekulering. Tenk om du hadde sete i eit fly høgt oppe i lufta og kikka ut av vindauget og sett rett inn i auga på ein sjiraff? Det kan gjere elevane nysgjerrige dersom læraren begynner med å seie noko om at det hadde vore morosamt å sjå ein slik stabel med sjiraffar. Samtidig kan ein vise biletet/oppgåva for alle elevane.

Be elevane om å tenkje individuelt over kvar dei kan begynne. La dei deretter diskutere ideane sine med ein medelev. Her finst det fleire framgangsmåtar som vil føre fram. Diskuter til slutt i heile klassen. Sjå etter gode strategiar som baserer seg på høgda på ei mengde sjiraffar eller tek utgangspunkt i høgda til flya, og oppmuntre alle til å arbeide mot slike forklaringar. 

Gode rettleiingsspørsmål

Ver litt sparsam med rettleiingsspørsmåla. La elevane streve med oppgåva før du stiller desse spørsmåla.

  • Kvar kan de begynne, og kvifor? 
  • Kan de forenkle problemet?
    • Kor høg blir ein stabel med 5 sjiraffar?
    • Kor høg blir ein stabel med 100 sjiraffar?
    • Kor mange sjiraffar (5-metrar) går det på 100 meter?
    • Kor mange sjiraffar går det på 1000 meter?
  • Et fly flyg mellom 9000 og 12 500 meter over bakken. Kva høgde vil de velje å bruke når de skal finne svar på spørsmålet i oppgåva? 
  • Kan de lage eit reknestykke som hjelper dykk til å finne svaret på oppgåva?


Mogleg utviding

Elevane kan lage eigne oppgåver som liknar på denne, og teste desse oppgåvene på ein medelev.

Mogleg støtte

Det vil vere ei god støtte for ein del elevar å lage seg ei teikning eller ein tabell. Ein tabell med antal sjiraffar på den eine sida og antal meter på den andre sida kan vere ein fin innfallsvinkel for dei som strevar med å kome i gang. Kopieringsoriginal for tabellen finn du her.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
8