Læreplankoblet

Sommarfuglar og blomar

Stikkord: Addisjon

Aktivitet

På alle sommarfuglane og blomane står det eit tal.
Kan du finne to sommarfuglar til kvar blom slik at tala på sommarfuglane til saman blir det same som talet på blomen dei set seg på?

Thumbnail


Kva for to sommarfuglar manglar ein blom å setje seg på?

Kva for ein blom er det som ikkje kan ha to sommarfuglar på seg?

Starthjelp

Du kan bruke desse korta til å flytte rundt og gruppere saman.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Mange elevar møter vanskar i arbeid med tala frå 10 til 20. Desse tala blir ikkje uttala på den same regulære måten som dei andre tala opp til 100. Når du fokuserer på å lage tal mellom 11 og 19 ved å bruke talet 10, blir elevane godt kjende med strukturen og samansetjinga i tala.

Mogleg tilnærming

Spør elevane om tala på sommarfuglane. Er nokre av dei like?
Kan dei dele dei i to grupper? Kan dei lage tala på blomane ved å bruke ein sommarfugl frå kvar gruppe? Du kan begynne med å diskutere korleis eit tal, for eksempel 15, er sett saman av 10 og 5.
Denne oppgåva passar til arbeid med forståing av tiarar, einarar og plassverdi.

Disse kortene  kan brukast til å introdusere oppgåva. Elevane kan også få arbeide i par med korta. Det kan vere nyttig å laminere korta dersom dei skal brukast mange gonger.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva passar saman med 10 når de skal lage dette talet?
  • Kva passar saman med dette talet (f.eks. 3) dersom de skal lage dette talet (f.eks. 13)?

Mogleg utviding

Sommarfuglkorta kan brukast til å lage andre summar enn det som står på dei originale blomane. Elevane kan også lage eigne spelereglar som andre elevar kan prøve seg på. Fleire sett med kort vil gi fleire moglege løysingar.

Send inn elevsvar

Til enhver tid vil det være mulig å sende inn løsning på noen av oppgavene på Mattelist.

Elever står fritt til å sende inn egne løsninger, men vi vil også gjerne at lærere sender inn besvarelser fra klassen sin.

Løsningsforslag kan bli publisert på sidene. Det kan være stas for klassen, samtidig som at andre elever og lærere kan bli inspirert.


Her er en liten veiledning:

  • Vi ønsker en løsning, ikke kun et svar.
  • Skriv løsningen slik at andre kan forstå hvordan du har tenkt.
  • Send gjerne bilder av arbeidet ditt.
  • Bruk gjerne illustrasjoner, grafer, tabeller, tegninger eller andre ting som viser hvilke hjelpemidler du har brukt i løsningen.
Løsningsforslag kan bli publisert på sidene!

Ressursen er utviklet av NRICH

8