Læreplankoblet

Handlevogner

Problem

På ein supermarknad er det to rekkjer med handlevogner som er køyrde tett saman slik som på figuren. Den første rekkja har 10 vogner og er 2,9 m lang. Den andre rekkja har 20 vogner og er 4,9 m lang.


Kor lang er ei handlevogn? Gi svaret i meter.

Thumbnail

 

Kan du finne ut:

  • Kor lang vil ei rekkje med 5, 15, 50 eller n vogner vere?
  • Kor mange handlevogner vil det vere plass til i ei rekkje på 8 meter, 10 meter, eller n meter?

 

Starthjelp

Samanlikn dei to rekkjene, og finn ut kor mykje lengre rekkja blir for kvar vogn som blir føydd til.

 

Løysing

Sidan vognene passar i kvarandre, vil den totale lengda på rekkja alltid auke med det same for kvar ny vogn vi set på plass. Når vi aukar talet på vogner frå 10 til 20, aukar den totale lengda med \(4,9\rm\ m\:-2,9\ m=2,0\:m\). Det betyr at rekkja av vogner aukar med \(\rm 2,0\:m:10=0,2\:m\) for kvar ny vogn.
I rekkja med 10 vogner er det 9 slike lengder på 0,2 m, pluss lengda av ei heil vogn.
\(\rm 9\cdot0,2\:m=1,8\:m\). Viss vi tek dei bort frå rekkja på 2,9 m, står vi igjen med berre éi vogn.
Lengda av ei vogn er \(\rm 2,9\:m-1,8\:m=1,1\:m\).

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9