Læreplankoblet

Ein stor trekant

Stikkord: Tiervenner Addisjon

Aktivitet

Her er ni trekantar. Kvar av dei har tre tal.

Ni trefargede trekanter. I hver farge i hver trekant er det ett tall.

Di oppgåve er å setje saman trekantane til éin stor trekant, slik at tala som rører kvarandre, til saman blir 10.

Korleis vil du begynne? Kva gjer du så?

Du kan skrive ut arket med trekantar (kopioriginal i menyen til venstre) og klippe dei ut, og så prøve å setje dei saman.

Starthjelp

Du kan begynne med éin trekant og sjå om du kan finne ein trekant å plassere inntil han.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten er nyttig for å styrkje omgrep om tiarvenner og dei tilsvarande subtraksjonane. Den ukjende konteksten vil sannsynlegvis engasjere barna og oppfordre dei til å halde ut. Barn som alt er godt kjende med tiarvenner, vil likevel bli utfordra, sidan framgangsmåten ikkje er openberr. Logisk resonnering vil hjelpe barna med å bli meir effektive når dei søkjer etter ei løysing. Aktiviteten byggjer også på geometrisk resonnering, ettersom barna må visualisere trekantane i ulike posisjonar og orienteringar for å løyse oppgåva.

Mogleg tilnærming

Du kan vise biletet av dei små trekantane på tavla. Be barna sjå på dei i nokre minuttar og tenkje på kva dei ser. Oppfordre dei så til å dele tankane sine med ein medelev før dei snakkar om forslaga i plenum. La alle forslag vere velkomne, sjølv om dei ikkje verkar relevante for matematikken. Barna treng å få alle observasjonar «av skuldrene» sine!

Du kan bruke store utklipte trekantar på tavla. Plasser nokre få trekantar i den store trekanten slik at sidene som rører kvarandre, blir 10 til saman. Be barna om å tenkje på det dei legg merke til. Trekk fram nokre forslag i plenum, og introduser så sjølve oppgåva.

Barna kan arbeide i par med utklipte trekantar frå kopioriginalen, slik at dei får snakka saman om ideane sine. 

Du kan leggje til rette for så mange små plenumsdiskusjonar du synest er nødvendig for å få delt idear som blir nytta i arbeidet rundt om i rommet. Forslaga til barna kan inkludere å begynne på toppen og arbeide seg nedover, matche fargar, leggje trekantane i par først, eller leggje merke til at det er tre femmarar, som betyr at ein av dei må liggje langs ytterkanten.

I den siste plenumsdiskusjonen kan du oppfordre barna til å snakke om strategiane dei brukte. Brukte dei prøv-og-feil-metoden? Eller hadde dei ei meir systematisk tilnærming til oppgåva? Såg dei for seg korleis det ville bli med ein bestemt trekant på ein bestemt stad, før dei plasserte han der? Det kan hende at nokre av barna har visualisert for å planleggje kva trekant som skal plasserast kvar.

Diskuter løysingane barna har funne. Er alle like? Dersom ikkje, har dei funne alle moglege løysingar?

Gode rettleiingsspørsmål

Fortel meg om det du har gjort til no.

  • Kva må du setje xxx saman med for å få 10?
  • Kan du finne ein annan trekant med det talet?
  • Kva kan vere nyttig å prøve no?

Mogleg utviding

Barna kan prøve å finne fleire moglege løysingar. Korleis kan dei vite om ei anna løysing er lik eller forskjellig frå andre løysingar dei alt har? Korleis kan dei vite at dei har funne alle løysingane?

Barna kan også bruke trekantane til å lage ein annan figur (ikkje nødvendigvis ein trekant), der sidene som ligg inntil kvarandre, til saman blir 9 (eller 8 eller 11). Eller dei kan skrive tal på blanke trekantar og lage sin eigen aktivitet.

Mogleg støtte

Barna kan bruke utklipte trekantar til å lage andre figurar der sidene som ligg inntil kvarandre, til saman blir 10.

Ressursen er utviklet av NRICH

8