Læreplankoblet

Ess, to, tre

Aktivitet

Ta ein titt på denne videoen:

Finn ut korleis Felix ordna korta for å gjere dette trikset.

 

Når du har prøvd ei stund, kan du sjå på korleis nokre andre elevar byrja for å finne ei løysing.

Håvard byrja slik

«Ess» har tre bokstavar, så han må liggje på den tredje plassen. «To» har to bokstavar, så han må liggje på den femte plassen. «Tre» har tre bokstavar, så han må liggje på den åttande plassen. «Fire» har fire bokstavar, så han må liggje på den tolvte plassen.

Lars byrja slik

Det burde vere mogleg å arbeide seg bakover, så eg byrjar berre med knekt, dame og konge og ser kva som skjer.

Anette byrja slik

Viss eg berre legger korta frå ess til konge og gjer trikset, vil trikset bli mislykka fordi korta ikkje blir viste i rett rekkjefølgje. Men eg kan notere meg kva rekkjefølgje korta kjem i.

 

Kan du bruke dei tre metodane til å utføre trikset ved å bruke eit anna språk (t.d. engelsk eller spansk), eller med to ulike sortar, eller i motsett rekkjefølgje frå konge til ess, eller andre måtar?

 

Starthjelp

Bruk papir og blyant og noter når du arbeider med dei tre metodane.

 

Løysing

Vi representerer korta med tal frå 2 til 10 og A for 1, J for knekt, Q for dronning og K for konge. Med 13 kort lagar vi tretten plassar slik:

 

_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _

 

Så tel vi plassen for ess som har tre bokstavar og må stå på plass nummer 3:

_ _ A _ _ _ _ _ _ _ _ _ _

 

Vi forset å telje frå A med talet på bokstavar i talet 2, som er T-O, altså to plassar:

 

 _ _ A _ 2 _ _ _ _ _ _ _ _

 

Slik forset vi med tala 3 (T-R-E) og 4 (F-I-R-E):

 

_ _ A _ 2 _ _ 3 _ _ _ 4 _

 

Når vi skal plassere talet 5 (F-E-M), må vi tilbake til starten etter at vi har komme til enden av rekkja:

 

_ 5 A _ 2 _ _ 3 _ _ _ 4 _

 

Når vi skal plassere 6 (S-E-K-S), må vi passe på å hoppe over dei tala som allereie er plasserte, ettersom dei forsvinn ut av bunken etter kvart som dei blir viste. Seks blir derfor plassert slik:

 

_ 5 A _ 2 _ _ 3 6 _ _ 4 _

 

Slik held utfyllinga fram til alle korta er plasserte slik:

 

K 5 A 10 2 D 8 3 6 J 9 4 7

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten utfordrar elevane til å visualisere det som skjer når dei arbeider med å finne ut korleis trikset blir gjort. Det er naturleg at dei gjerne vil vite korleis triksa blir gjorde, og det kan bidra til at dei er villige til å streve litt hardare og lenger enn dei vanlegvis gjer.

På slutten av aktiviteten, etter at dei fleste av elevane har løyst oppgåvene, kan du som lærar hylle innsatsen og uthaldet deira i arbeidet med oppgåvene, og rette merksemda mot det å takle motstand og ikkje gi opp som viktige eigenskapar for matematikarar.

Mogleg tilnærming

Utfør trikset for klassen, eller vis videoen. Del ut kortstokkar til klassen slik at kvart elevpar eller kvar gruppe har eit sett med kort frå ess til konge. Utfordre elevane til å finne ut av kva rekkjefølgje korta må liggje i for at trikset skal fungere.

Utfordre elevane til å finne ut av korleis kvar metode fungerer. Avslutt aktiviteten med å la dei forklare og demonstrere korleis dei ulike metodane fungerer.

Gode rettleiingsspørsmål

  • For Håvard sin metode: Kvar må esset vere i starten av trikset?

  • For Lars sin metode: Hjelper det å arbeide baklengs?

  • For Anette sin metode: Kvifor blir 3-kortet vist først?

Mogleg utviding

Bruk alle dei tre metodane til å finne ut kva rekkjefølgje korta må liggje i viss ein skal vise trikset på eit anna språk, i motsett rekkjefølgje frå konge til ess, eller med fleire sortar med kort.

Mogleg støtte

Håvards metode er den enklaste. Forsøk å gjere han med papir og blyant.

 

Illustrasjonsfoto: Jack Hamilton on Unsplash

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9