Læreplankoblet

Tresifra tal og divisjon

Aktivitet

Denne aktiviteten handlar om å dividere tresifra tal med eit einsifra tal.

Vel talet du skal dividere med. Det er divisoren. Oppgåva di er å foreslå nokre reglar for divisoren.

Lag så eit tresifra tal. Det er dividenden. For å lage det tresifra talet kan du for eksempel bruke terningar, eller du kan berre bruke fantasien din.

Divider no dividenden med divisoren. Skriv ned svaret.

Lag andre dividendar, og divider dei med den same divisoren. Skriv ned svara.

Sjå nøye på svara. Når er svaret eit heiltal? Når er det 1 til rest? Kan du sjå nokre mønster? Kan du foreslå nokre reglar?

Starthjelp

Begynn med å bestemme deg for divisoren. Lag den første dividenden og rekn ut. Prøv så ei ny utrekning. Hugs å skrive ned svara dine. Du kan bruke ein tabell som den under.

I tabellen skriv du ned svara når divisoren er 2.

Utrekning Heiltalssvar Rest 1
269 : 2 = 134 rest 1   269
547 : 2 = 273 rest 1   547
466 : 2 = 233 466  
728 : 2 = 364 728  

Sjå på dividendane som gir heiltalssvar. Ser du nokre likskapar?

Kan dette hjelpe deg til å foreslå ein regel om kva for dividendar som vil gi heiltalssvar når ein dividerer dei med 2?

Test regelen din.

Finn du ein regel for dividendane som gir 1 til rest når du dividerer dei
med 2?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne aktiviteten skal elevane øve på å dividere tresifra tal med eit einsifra tal. Dei blir oppfordra til å leggje merke til mønster og til å teste reglar. Det kan føre til måtar å kjenne igjen dei gongetabellane tresifra tal er i.

Mogleg tilnærming

Begynn med å repetere mønster elevane tidlegare har funne i gongetabellane opp til 10-gongen eller 12-gongen. Dei kan for eksempel vite at tal i 5-gongen alltid sluttar på 5 eller 0.

Denne aktiviteten handlar om å utvide desse reglane når ein tenkjer på tresifra tal.

Før elevane begynner på sjølve oppgåva, kan det vere ein god idé å minne dei på metodane dei kan bruke i divisjon.

I samla klasse kan de utforske det som skjer når divisoren er 2, og skrive resultata inn i tabellen:

Utrekning Heiltalssvar Rest 1
269 : 2 = 134 rest 1   269
547 : 2 = 273 rest 1   547
466 : 2 = 233 466  
728 : 2 = 364 728  

Oppfordre klassen til å sjå nøye på tala som resulterer i ulike typar svar, sjå etter likskapar og bruke denne informasjonen til å lage ein regel for dei ulike typane av tal i kvar kolonne. Lag ein hypotese og test han!

Hugs at heiltalssvara betyr at dividenden er ein multippel av divisoren (eller at divisoren er ein faktor i dividenden). Klassen kan deretter utforske den same divisoren, eller så kan ulike grupper utforske forskjellige divisorar. På den måten kan ein differensiere aktiviteten.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva er likt i tala som gir heiltalssvar?
  • Kan du lage ein regel?
  • Kan du sjå om eit tal er ein multippel av xxx, utan å utføre divisjonen?

Mogleg utviding

Ein annan måte å gå laus på problemet på er å halde dividenden konstant, men variere divisoren. Elevane kan for eksempel utforske det som skjer når de dividerer 123 med 2, 3, 4 osv. Kan dei finne eit tresifra primtal? Kan dei finne primtalene på ein rask måte?

Mogleg støtte

Ein multiplikasjonstabell og ein kalkulator kan vere nyttige å ha (særleg dersom fokuset ikkje er på å øve skriftleg på divisjon).
 

Ressursen er utviklet av NRICH

8