Læreplankoblet

Strikkhopp

Aktivitet

Dette er ein aktivitet som er fin å gjere saman med ein venn.

I denne aktiviteten skal Barbie gjennomføre eit strikkhopp. De skal rekne ut kor mange strikkar som trengst for at håret til Barbie akkurat rører ved treffpunktet, utan at ho skader seg. Treffpunktet kan vere golvet eller ein balje med vatn. Det store strikkhoppet må gå føre seg frå ein stad med stor høgde. De kan sjølve bestemme kvar dette skal vere, frå eit trappegelender, ein veranda eller liknande. Kanskje har de eit rom på skulen eller heime der de kan stå i andre etasje og sjå ned i første etasje?

Det første de må gjere, er å måle nøyaktig kor høgt det er frå hoppstaden til Barbie og ned til golvet. Deretter skal de rekne ut kor mange strikkar de må feste på Barbie for at håret hennar akkurat skal røre golvet når ho hoppar.

Fest vanlege gummistrikkar i beina til Barbie, slik ein gjer ved vanlege strikkhopp. Deretter gjer de målingar av kor langt Barbie fell med éin strikk festa i beina og éin strikk festa i den første strikken (altså ei snor med to strikkar). Lag snorer med tre strikkar, så fire og så fem strikkar. Bruk gjerne tabellen (kopioriginal) for å fylle ut måleresultata. Det er viktig at dei målingane de gjer av kor langt Barbie fell, er så nøyaktige som mogleg. Vi vil jo ikkje at Barbie skal skade seg under det store strikkhoppet.

Før de måler høgda Barbie fell når ho er festa til ei snor med seks og sju strikkar, skal de gjette kor langt de trur ho fell. Sjå på tala de har på tidlegare målingar, og prøv å finne nokre mønster.

Etter at de har fylt ut tabellen, skal de rekne ut kor mange strikkar de treng til det store strikkhoppet.

Hugs: Målet er at berre håret til Barbie skal røre ved treffpunktet.

Når de har bestemt dykk for antalet strikkar, er det berre å feste snora i beina til Barbie og prøve.

Lykke til!

Starthjelp

Når de skal måle kor langt Barbie fell med strikksnorer i ulike lengder, kan det vere ein idé å bruke ei bok som startstad. Hald boka kan inntil veggen og juster slik at når håret til Barbie så vidt treffer bakken, kan de måle nøyaktig kor langt ho fell med dette antalet strikkar i snora.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva er ein matematisk modelleringsaktivitet. Her er det ein del variablar som elevane må ta stilling til undervegs i arbeidet. Dei må arbeide med ein verkeleg situasjon, gjere han om til matematisk språk, behandle problemet og omsetje det tilbake til den verkelege situasjonen igjen. Elevane får ikkje alle opplysningane dei treng, dei må sjølve oppdage at det er meir dei må vite, og kva dei treng å vite for å kunne utføre oppgåva. Dei må gjere nøyaktige utrekningar og målingar, og dei må anslå lengder og antal strikkar.

Mogleg tilnærming

Oppgåva kan presenterast munnleg. Vis gjerne filmsnuttane som finst her på Mattelist.no. Det kan hjelpe elevane til å sjå for seg situasjonen med det store strikkhoppet, og korleis dei skal gjere målingane i forkant. Elevane bør samarbeide i par eller små grupper. Oppgåva må gjerast i praksis. Om skulen ikkje har nok barbiedokker, kan sikkert elevane ta med seg ei Barbie eller ei liknande dokke heimanfrå. Elevane bør forklare utrekningane og overslaga sine før gjennomføringa. I etterkant bør dei vurdere om utrekningane var rette eller ikkje, og ikkje minst vurdere kvifor det vart rett eller feil, og eventuelt gjere justeringar.

I ei felles oppsummering kan de diskutere korleis elevane kom fram til det antalet strikkar dei bestemte seg for å prøve i det store strikkhoppet. Kva for vurderingar gjorde dei undervegs? Vidare kan oppsummeringa handle om kva for faktorar som verka inn på om håret til Barbie rørte ved treffpunktet, om ho ikkje kom heilt ned til golvet, eller om ho skadde seg.

De kan også finne ei anna starthøgde og prøve ein gong til, med utgangspunkt i målingane de har gjort.

Gode Rettleiingsspørsmål

  • Korleis kan de begynne, og kvifor?
  • Korleis kan det vere lurt å feste strikkane i kvarandre?
  • Har de all den informasjonen de treng?
  • Kva er det de treng å rekne ut?
  • Er det nokon samanheng mellom kor langt Barbie fell og antalet strikkar?

Mogleg utviding

Elevane kan også velje ei dokke med anna vekt enn Barbie. Korleis vil det verke inn på antalet strikkar som trengst i det store strikkhoppet? Gjer utrekningar for ei strikksnor med 2, 4 og 10 strikkar. Med bakgrunn i datamaterialet dykkar prøver de å finne ut kor mange strikkar som trengst. Gjennomfør deretter aktiviteten.

Mogleg støtte

Elevar treng kanskje hjelp til å feste strikkane i kvarandre. Enkelte vil også ha behov for hjelp med målingane dei skal gjere undervegs, og til å sjå samanhengen mellom kor langt Barbie fell med dei ulike strikksnorene, og kor mange strikkar som trengst til strikkhoppa. Det kan vere ein idé å prøve å gjette kor langt ho fell med 8, 9 og 10 strikkar også, før ein gjettar på kor mange strikkar snora må ha til dei store hoppa.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
9,10