Læreplankoblet

Lag det talet

Aktivitet

kort

Dette spelet eignar seg til å spele to mot to, då det legg til rette for gode matematiske diskusjonar. Spelet kan også spelast ein mot ein.

Gangen i spelet:

  1. Del ut fem kort til kvart lag / kvar spelar.
  2. Snu det øvste kortet i bunken med biletsida opp. Dette er måltalet.
  3. Kvart lag / kvar spelar prøver å kombinere korta sine ved å bruke addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon for å lage måltalet. Det er om å gjere å bruke så mange kort som råd, men kvart kort kan nyttast berre éin gong.
  4. Kvar spelar skriv forslaget sitt på eit ark og legg til side korta han eller ho har brukt.
  5. Legg kortet med måltalet i botnen av kortstokken.
  6. Spelarane tek nye kort, like mange som han eller ho har brukt til å lage reknestykket.
  7. Snu eit nytt kort frå toppen av kortstokken. Dette blir det nye måltalet. Spel ein ny runde.
  8. Spelet held fram til det ikkje er fleire kort å trekkje for å erstatte kort som spelarane har spela ut.
  9. Vinnaren er den som har spela ut flest kort, det vil seie brukt flest kort for å lage måltalet.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Dette spelet utfordrar elevane til å vere fleksible når dei vel strategiar for å finne dei talkombinasjonane som gir måltalet. Spelet legg til rette for diskusjonar om korleis rekningsartane kan prioriterast. Det er kort veg frå prioritering av rekningsartar til matematisk notasjon der behovet for parentesar dukkar naturleg opp. Behovet for identitetselementa 0 (addisjon/subtraksjon) og 1 (multiplikasjon/divisjon) kjem også naturleg fram i dette spelet. Spelet gir moglegheiter for mange rike diskusjonar.

Eksempel: Måltalet er 8, og korta ein trekkjer, er 9 – 5 – 3 – 6 – 4. Moglege løysingar kan vere:

  • \(5 + (6 – 3)\) (bruker 3 kort)
  • \((9 – 3) + (6 – 4)\) (bruker 4 kort)
  • \((9 + 3 – 4) \cdot (6 – 5)\) (bruker alle 5 korta og identitetselementet 1 i multiplikasjon)

Mogleg tilnærming

Introduser oppgåva munnleg. Det kan vere ein fordel å vise korleis spelet fungerer, ved at du som lærar spelar mot elevane. Du skal ikkje vise eigna strategiar eller bruke identitetselement. Det er betre at elevane oppdagar dette sjølve og utnyttar det i spelet.

Gode rettleiingsspørsmål

La elevane få streve litt før du rettleier dei. Rettleiinga bør ikkje røpe for mykje, men nok til å gi dei ein liten dytt i rett retning.

  • Korleis kan de begynne, og kvifor?
  • Vil det hjelpe å prioritere rekkjefølgja annleis?
  • Korleis kan de lage tala 0 og 1?
  • Kan de lage måltalet ved å bruke fleire kort?

Mogleg støtte

I dette spelet er det lurt å finne måtar å lage og utnytte tala 0 og 1 på.
Korleis kan elevane gjere det? Du kan oppfordre dei til å ta ein pause i spelet for å diskutere dette.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
8