Læreplankoblet

Kortkunsten FINN MEG

Aktivitet

kortstokk
    1. Del ein heilt vanleg kortstokk i to nøyaktig like store bunkar.
    2. Løft opp den eine bunken og sjå på det underste kortet.
    3. Vis kortet til dei andre dersom de er fleire.
    4. Legg bunken oppå den andre bunken.
    5. Legg ut korta i fire nye bunkar. Legg eitt og eitt kort frå venstre i bunke 1, bunke 2, bunke 3, bunke 4, og så bunke 1 osv., til du har lagt ut alle korta.
    6. Legg saman bunkane, og pass på at bunke 2 hamnar øvst. Legg så opp eitt og eitt kort medan du stavar FINN MEG. Det siste kortet du legg opp, er det kortet du begynte med.

    Klarer du å avsløre dette korttrikset? Forklar korleis det verkar.

    Aktiviteten er utarbeidet etter ide fra Nils Kristian Rossing.

    Løysing

    Sidan kortet ligg nedst i ein bunke med 26 kort (halve kortstokken), vil det liggje på plass nummer 26 når det blir lagt oppå resten av korta. Når du legg korta ut igjen i fire nye bunkar, vil kort nummer 26 hamne på plass nummer 7 i bunke 2 (prøv sjølv). Difor vil det kome opp når du seier den sjuande bokstaven: G-en i FINN MEG.

    Lærarrettleiing

    Kvifor arbeide med denne oppgåva?

    I arbeid med denne oppgåva vil elevane få bruk for talforståing, logisk tenking og resonnering for å avsløre kortkunsten.

    Mogleg tilnærming

    Elevane kan arbeide saman i par for å avsløre kortkunsten. Det vil fremje matematiske samtalar og diskusjonar. Oppmuntre elevane til å arbeide systematisk for å finne løysinga sjølve. Snakk saman i klassen undervegs, og be elevane fortelje kvarandre korleis dei har arbeidd, og kva dei har funne ut.

    Når elevane har funne løysinga, kan du be dei prøve å forklare denne samanhengen:

    26: antalet bunkar = antalet kort som ligg oppå det kortet vi leitar etter, og ein rest. Denne resten i divisjonsstykket = den bunken kortet ligg i.

    Gode rettleiingsspørsmål

    Ver litt sparsam med rettleiingsspørsmåla. La elevane streve før du stiller dei.

    • Korleis kan du begynne, og kvifor?
    • Korleis kan du halde oversikt over det du har funne ut?
    • Kor mange kort er det i dei to bunkane du begynte med? Korleis kan du bruke dette vidare?
    • Kor mange kort er det i dei forskjellige bunkane du lagar?

    Mogleg utviding:

    Du kan få korttrikset til å verke dersom du endrar litt på prosedyren. Starten er lik, men når du skal leggje ut korta andre gongen, vel du sjølv kor mange bunkar du vil leggje ut. Framleis må du leggje korta fortløpande frå venstre mot høgre.

    8