Læreplankoblet

Vinkeloverslag

Aktivitet

Dette spelet er laga for å gi øving i å rekne ut vinklar. Du kan spele for deg sjølv og prøve å få eit så høgt poengsnitt som råd, eller du kan utfordre ein venn til vennskapleg kamp. Jo nærare du kjem målet, jo fleire poeng får du.

Det er fire vanskegradar i spelet:
Nivå 1: \(0-90^\circ\)
Nivå 2: \(0-180^\circ\)
Nivå 3: \(0-270^\circ\)
Nivå 4: \(0-360^\circ\)

Trykk på sirkelen for å starte og stoppe animasjonen.

Starthjelp

Du kan bruke GeoGebra-appleten nedanfor til å utforske vinklar.

Utfordre deg sjølv til å lage vinklar med forskjellig storleik. Flytt på dei blå punkta for å prøve å lage vinkelen du vil ha. Når du trur du har løysinga, kan du trykkje på knappen for å kontrollere om det stemmer.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Vinkeloverslag er eit engasjerande spel som kan hjelpe elevane til å å betre forståing av vinkelomgrepet og vinkelstorleikar. Det interaktive verktøyet gir tilbakemelding med ein gong, og i fleirspelarmodus kan ein utfordre ein venn.

Mogleg tilnærming

Begynn økta med å be elevane fortelje det dei veit om vinklar, og diskuter omgrep som spiss, stump, rett og konveks vinkel, i tillegg til vinklar på 90°, 180°, 270° og 360°.

Teikn nokre spisse, stumpe og konvekse vinklar på tavla, og la elevane anslå kor store dei er. Be også om forklaring på anslaga.

Teikn fem nye vinklar på tavla, og utfordre elevane til å anslå vinklane betre enn deg. Dei må anslå kvar vinkel før du gjer det same. Deretter måler du vinklane med ei gradskive. Det næraste anslaget får eitt poeng.

Det kan vere til hjelp å bruke GeoGebra-appleten nedanfor. Flytt på dei blå punkta for å prøve å lage vinkelen du vil ha, og trykk på knappen for å vise storleiken på vinkelen.

Demonstrer spelet på nivå 2 før du let elevane spele saman i par. Utfordringa kan vere å få meir enn 50 poeng på 10 rundar.

Hald oversikt på tavla over rekordar. Kor nær 100 poeng kan nokon kome på 10 rundar? Dette kan også vere utfordringar over lengre tid, og elevane kan då sende skjermbilete når dei får nye rekordar som skal noterast.

Elevane kan også gå til nivå 3 og nivå 4 når det passar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva for vinklar er det lett å anslå?
  • Kva strategiar kan du bruke for å betre anslaga dine?

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9