Læreplankoblet

Sanders sju tal

Problem

Sander skriv ned sju etterfølgjandeEtterfølgjande/påfølgande tal er tal som følger kvarandre i rekkjefølge frå minst til størst, i vanleg teljerekkjefølge., positive heile tal. Summen av dei tre minste tala er 33.
Kva er summen av dei tre største tala?

Løysing

Dersom det minste talet Sander skriv ned, er n, er tala i denne rekkjefølgja: n, n + 1, n + 2, n + 3,
n + 4, n + 5 og n + 6.
Summen av dei tre minste tala er dermed n + (n + 1) + (n + 2) = 3n + 3.
Ettersom summen av dei tre minste tala er 33, har vi at 3n + 3 = 33.
Trekkjer vi frå 3 på begge sider av likskapsteiknet, får vi 3n = 30, og deler vi begge sider med 3, får vi n = 10.

Då er tala 10, 11, 12, 13, 14, 15 og 16, så summen av dei tre største tala er 14 + 15 + 16 = 45.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9