Læreplankoblet

Labyrint til 100

Aktivitet

I denne labyrinten møter du eit tal for kvart steg. Du går gjennom han ved å leggje saman alle tala du er innom. Du kan ikkje gå innom ein plass meir enn éin gong.

Kan du finne ein veg gjennom labyrinten slik at tala til saman blir nøyaktig 100?

Thumbnail

Kva er det minste talet du kan lage ved å gå gjennom labyrinten?

Kva er det største talet du kan lage ved å gå gjennom labyrinten?

(Hugs at du ikkje kan gå innom ein plass meir enn éin gong.)

Starthjelp

  • Lag ei liste over tala du er innom.
  • Du kan prøve å fargeleggje kvar rute i ein eigen farge.
  • Du kan skrive ut kopiar av labyrinten.

Løysing

160 - Løsningsforslag

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne aktiviteten er labyrinten ein kontekst der elevane får øve på addisjon og det å arbeide systematisk.

Du kan skrive ut kopiar av labyrinten frå kopioriginalen.

Mogleg tilnærming

Vis labyrinten til klassen, og be dei om å følgje nøye med. Ikkje sei meir, men teikn ei rute gjennom labyrinten, eitt tal om gongen. Skriv totalsummen på tavla for kvart nytt tal du er innom. Gjer det utan å seie noko, heilt til du når utgangen av labyrinten og har ein endeleg totalsum. Deretter kan elevane diskutere to og to det dei trur du gjorde.

Diskuter i plenum for å bli einige om reglar for aktiviteten. Så skal elevane arbeide to og to for å finne ein veg gjennom labyrinten med ein totalsum på 100. Gi dei litt tid til å gjere det, men stopp etter ei stund og snakk med elevane i plenum. Spør korleis dei går fram. Det vil gi nokre elevar moglegheit til å setje ord på korleis dei har tenkt til no, medan andre får moglegheit til å høyre korleis andre par har arbeidd. Det kan hjelpe dei i deira eige arbeid.

Etter at elevane har delt forskjellige strategiar, kan du gå rundt i klassen medan dei arbeider. Sjå etter dei som prøver å resonnere seg fram til ruta dei er ute etter, i staden for å prøve seg fram tilfeldig. Sjå også etter dei som begynner å justere løysingane sine for å kome nærare 100, i staden for å begynne på nytt kvar gong.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva kan du fortelje om turen din gjennom labyrinten?
  • Korleis bestemmer du deg for kvar du skal gå?
  • Kva legg du merke til i strukturen på labyrinten?
  • Korleis kan du justere ruta di slik at du kjem nærare 100 utan å begynne heilt på nytt?
  • Korleis held du oversikt over det du har prøvt ut?
  • Korleis kan du lage ei oversikt som hjelper deg til å løyse problemet?

Mogleg utviding

Du kan stille slike spørsmål:

  • Er det meir enn éin veg gjennom labyrinten som gir ein totalsum på 100?
  • Kva er den høgaste totalsummen? Kva er den lågaste?
  • Kan du gå gjennom labyrinten og lage ein totalsum som er med i 10-gongen? Kan du lage ein totalsum som er eit partal?

Elevane kan også arbeide i par med å lage utfordringar med forskjellige totalsummar for kvarandre.

Dei kan lage ein endå vanskelegare labyrint med dei same tala i.

Labyrintar kan lagast i alle former og kan baserast på kvadrat, sirklar, trekantar og sekskantar.

Elevane kan lage ein heilt annan labyrint der tala er desimaltal. Utfordringa er å ta turen gjennom labyrinten og kome ut med ein totalsum på 10.

Mogleg støtte

Somme elevar kan ha nytte av å bruke ei perlesnor for å leggje saman tal og ha kontroll på totalsummen.

Ressursen er utviklet av NRICH

8