Læreplankoblet

Varmluftsballong

Aktivitet

Dette er eit spel for to. Kvar spelar plasserer ballongen sin på spelebrettet ved sida av talet 0.

Det er to bunkar med kort. Den eine bunken inneheld operasjonskort (addisjon og subtraksjon), og den andre inneheld tal frå –9 til +10.

Eit positivt tal er det same som antalet blåsar med varm luft. Dersom du adderer varm luft i ballongen, vil han stige. Dersom du subtraherer varm luft, vil ballongen sige ned.

Eit negativt tal svarar til antalet sandsekkar. Adderer du ein sandsekk, sig ballongen, subtraherer du ein sandsekk, stig ballongen.

Trekk eit operasjonskort og eit talkort. For eksempel trekkjer du addisjon og –7. Det betyr at du skal addere 7 sandsekkar, og då vil ballongen din sige 7 plassar.

For å vinne må du anten nå toppen eller halde deg i lufta når ballongen til den du spelar mot, sig til botnen.

For å spele spelet må du skrive ut dette:

Lærarrettleiing

Mogleg utviding

  1. Trekk to operasjonskort og to talkort, og prøv å setje saman den kombinasjonen som gir deg det største løftet. Det kan løne seg å utvide spelebrettet til meir enn +20.
     
  2. Bland operasjonskorta og talkorta. Kvar spelar får tildelt tre talkort og to operasjonskort. Kombiner korta slik at du kjem høgast mogleg med ballongen din. Den som kjem høgast, får eitt poeng. Førstemann til ti poeng vinn.
  • Variant 1: Del ut fire talkort og tre operasjonskort.

  • Variant 2: Kombiner korta slik at du kjem så nær 0 som råd.

  1. Del ut seks talkort til kvar spelar. Når det er din tur, kan du kombinere korta med operasjonskort som du sjølv vil. Prøv å kome så nær 0 som råd. For eksempel kan du kombinere –7, 3 og –4 til –7 + 3 – (–4) = 0. Når du har vist kombinasjonen din, trekkjer du eitt nytt kort frå pakken. Vinnaren er den som først blir kvitt alle korta sine.

Ressursen er utviklet av NRICH

8