Læreplankoblet

Anders pyntar kjeks

Aktivitet

Anders pynta 20 kjeks til ein fest.

Han la dei på rekkje og la glasur på annankvar kjeks.

Så la han eit bringebær på kvar tredje kjeks.

Til slutt la han ein sjokoladebit på kvar fjerde kjeks.

Det var ingenting på den første kjeksen.

  1. Kor mange kjeks var utan noko pynt?
  2. Var det nokre av kjeksa som fekk alle typane pynt?
Thumbnail

Starthjelp

  • Kanskje du kan lage ei lita teikning av kjeksane?
  • Den andre kjeksen har glasur på. Kva for andre kjeks er det som har glasur?
  • Kva for kjeks har eit bringebær på seg, i tillegg til den tredje kjeksen?
  • Kva for kjeks har ein sjokoladebit?

Løysing

  1. Det vart sju kjeks utan pynt (kjeks nummer 1, 5, 7, 11, 13, 17 og 19).
  2. Éin kjeks (nummer 12) fekk alle typane pynt på seg.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten passar til å arbeide med teljing i forskjellige steg, og kan løysast ved hjelp av konkret. Elevane får godt høve til å velje korleis dei skal representere oppgåva, og deretter løyse henne. Her er det også mogleg å introdusere omgrepet multiplum.

Mogleg tilnærming

Eit viktig element i forståinga av problemstillinga er språket som blir nytta. Oppvarmingsaktivitetar som bruker omgrepa første, andre, tredje og fjerde, kan vere nyttige for dei yngste barna.

La elevane arbeide med oppgåva ved å ta i bruk alt som kan vere nyttig. Pass på å ha ark, pennar, blyantar, kubar, brikker osv. lett tilgjengeleg.

Du kan stoppe elevane undervegs i arbeidet og be dei dele representasjonane sine med resten av gruppa. Somme har kanskje valt å bruke konkret til å representere pynt, medan andre har kanskje valt å teikne alt. Andre igjen kan ha brukt symbol. Be elevane diskutere dei forskjellige måtane å gjere det på – kva er fordelane med dei enkelte tilnærmingane? Kanskje vil du oppdage at somme elevar endrar framgangsmåten sin etter diskusjonen. Spør dei gjerne kvifor.

For dei elevane som har meir erfaring, kan du knyte oppgåva til ideen om felles multiplum gjennom gongetabellen ved hjelp av eit hundrekart.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva for andre kjeks har glasur på?
  • Kva for kjeks har eit bringebær på, i tillegg til den tredje kjeksen?
  • Kva for kjeks har sjokolade på?
  • Kva for kjeks har ingen pynt?

Mogleg utviding

La elevane lage eigne problemstillingar med fleire kjeks og teljing i ulike steg. Kan dei finne ein kombinasjon som gjer at alle kjeksa blir pynta?

Mogleg støtte

Med tilgjengelege konkret vil terskelen for oppgåva vere låg nok for dei aller fleste elevane.

Elevsvar

Elevar på 3. trinn på Meldal barne- og ungdomsskole nytta høvet til å pynte muffins med glasur, bringebær og sjokolade: 

Elever pynter muffins

Dei laga ein tabell for å halde oversikta, og fann ut at 7 muffinsar ikkje fekk noko pynt, medan 1 fekk både glasur, bringebær og sjokolade: 

Tabelloversikt - løsning

Elevane på Meldal barne- og ungdomsskule nummererte muffinsane, og la merke til fleire mønster i tala for dei muffinsane som fekk dei forskjellige kombinasjonane med pynt. Kan du sjå nokre mønster i tala? Kan du for eksempel føresjå kva nummer dei to neste muffinsane som får både glasur, bringebær og sjokolade, har? 

Oversikt pynt etter nummer i rekka.

Ressursen er utviklet av NRICH

8