Læreplankoblet

Éin mindre

Problem

Eit positivt heiltal mindre enn 100 får 2 til rest når det blir delt på 3, det får 3 til rest når det blir delt på 4, og 4 til rest når det blir delt på 5.

Kva blir resten når dette talet blir delt på 7?

 

Starthjelp

  • Eit tal som gir 2 til rest når det blir delt på 3, er 1 mindre enn eit tal i 3-gangen.
  • Kva med eit tal som får 3 til rest når det blir delt på 4, og eit tal som får 4 til rest når det blir delt på 5?
  • Kva har disse tre tala felles?

 

Løysing

Klikk her for å sjå eit handskreve løysingsforslag.

Håndskrevet løsningsforslag til oppgaven.

Klikk på bilete for å sjå ein større versjon. 

Eit tal som gir 2 til rest når det blir delt på 3, er 1 mindre enn eit tal i 3-gangen.

Eit tal som gir 3 til rest når det blir delt på 4, er 1 mindre enn eit tal i 4-gangen.

Eit tal som gir 4 til rest når det blir delt på 5, er 1 mindre enn eit tal i 5-gangen.

Vi leitar først etter eit tal som er 1 mindre enn eit tal som er både i 3-gangen, 4-gangen og 5-gangen, og som samtidig er mindre enn 100. Det einaste talet under 100 som er både i 3-, 4- og 5- gangen, er 3 • 4 • 5 = 60. Det einaste talet som oppfyller kravet i oppgåva, er 60 – 1 = 59.

Viss vi deler 59 på 7, får vi 3 til rest.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

9