Læreplankoblet

Lik talverdi

Stikkord: Mønster Areal Omkrets

Aktivitet

Teikn eit kvadrat der omkrinsen har same talverdi som arealet.

Omkrinsen må sjølvsagt målast i ei lengdeeining, for eksempel centimeter (cm), medan arealet må målast i ei flateeining, for eksempel kvadratcentimeter (cm2).

Et blått kvadrat.

Kor stort kvadrat må du teikne?

Kan du teikne eit rektangel som er dobbelt så langt som det er breitt, samtidig som omkrinsen har same talverdi som arealet?

Starthjelp

Du kan prøve å teikne kvadrat på papir med kvadratiske ruter.

Korleis veit du at du ikkje kjem til å hoppe over kvadratet som fungerer?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten krev at elevane må tenkje på omkrinsen og arealet samtidig, og at dei veit skilnaden på dei to. Det er eit godt høve til å snakke om ulike måtar å kome fram til ei løysing på.

Mogleg tilnærming

Når du introduserer denne aktiviteten, er det nødvendig å understreke at sjølv om omkrinsen og arealet skal ha lik talverdi, måler vi dei i ulike einingar. Omkrinsen måler vi i lengdeeiningar, for eksempel centimeter, medan vi måler arealet i flateeiningar, for eksempel kvadratcentimeter.

Når elevane har forstått oppgåva, kan dei arbeide i par, slik at dei kan snakke saman om ideane sine. Ha rutepapir med kvadratiske ruter tilgjengeleg, sjølv om ikkje alle vil velje å bruke det.

Det er mange moglege vegar fram til mål, så for å bestemme deg for kva du vil ta fram i plenum, kan det vere lurt å gå rundt og høyre på kva elevane snakkar om når dei arbeider. Gi para tid til å forklare korleis dei kom fram til eit svar. For eksempel kan dei ha teikna kvadrat og rekna ut omkrins og areal til dei fann eit kvadrat som fungerte. Dei kan også gå fram reint numerisk ved å sjå på kvadrattal og dividere dei med 4. Somme kan ha lagt merke til mønster i tala dei fann, som gjorde at dei forstod at dei nærma seg. Du kan også be klassen om å kommentere fordelar og ulemper ved kvar av måtane.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva er omkrinsen til dette kvadratet? Kva er arealet?
  • Korleis kan de vite at de ikkje har hoppet over nokre kvadrat som fungerer?

Mogleg utviding

Den andre delen av aktiviteten kan brukast som ei utviding, og kan følgjast opp med spørsmål som: Korleis blir det med eit rektangel som er tre gonger så langt som det er breitt?

Mogleg støtte

Elevane kan teikne kvadrat på rutepapir med kvadratiske ruter, og notere ned omkrins og areal på kvart kvadrat. Då vil alle ha ein stad å begynne.

Ressursen er utviklet av NRICH

8