Læreplankoblet

Diskuter og vel

Aktivitet

Denne aktiviteten utfordrar deg til å velje det «beste» talet for kvar av desse setningane.

Snakk gjerne med nokre andre om korleis du tenkjer. Det kan hende du må estimere, rekne eller forske litt.

Send oss gjerne løysingane dine, og hugs å forklare korleis du har tenkt.

1) Det er omtrent 10/500/1000 millionar huskattar i verda.

2) I gjennomsnitt veg ein katt 1,5/4,5/8 kilo.

3) Huskattar søv i gjennomsnitt 8–9/13–14/18–19 timar per dag.

4) Det er omtrent 400/600/800 millionar tamhundar i verda.

5) Hundane blir i gjennomsnitt 10–14/14–18/18–20 år.

6) Delfinar lever i grupper på opp til 12/20/30 stykke.

7) Vaksne elefantar treng å drikke omtrent 100/200/400 liter vatn om dagen.

8) Halsen til ein sjiraff er omtrent 120/170/220 cm lang.

9) Halehåra til ein sjiraff er 2/5/10 gonger tjukkare enn eit gjennomsnittleg menneskehår.

10) I gjennomsnitt veg ei hannløve 180/250/220 kilo.

11) Eit løvebrøl kan høyrast 8/12/16 kilometer unna.

12) I gjennomsnitt kviler ei løve 10/15/20 timar om dagen.

Starthjelp

Kan du prøve å estimere?

Kva slags ekstra informasjon kan du prøve å skaffe?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gjer det mogleg å diskutere kvantitetar i påstandar, og oppfordrar til estimering, berekning og utforsking for å hente inn informasjon.

Elevane må ikkje berre bruke kunnskap dei har lært på skulen, men også ting dei har plukka opp andre stader.

Diskusjonane kan avdekkje nokre overraskingar, spesielt når det gjeld kva elevane forstår av ulike måleiningar.

Mogleg tilnærming

Denne aktiviteten kan passe for små grupper eller til plenumsdiskusjonar, avhengig av erfaringane elevane har. Det kan vere nyttig å skrive ut kopioriginalen med dei ulike påstandane. Dei kan også klippast opp slik at kvar påstand står for seg.

Her kan rolla di som lærar vere å leggje til rette for gode diskusjonar. Etter ein innleiande diskusjon om kvar påstand i fellesskap kan du gjerne dele elevane inn i par eller små grupper, og la kvar av gruppene sjå nærare på ein av påstandane og argumentere for kva som kan vere rett svar. Elevane bør notere tankane sine undervegs.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Så kva trur du/de om dette argumentet?
  • Kva tenkjer du om dette?
  • Er du einig i at …? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Korleis kunne du bli meir sikker?

Mogleg utviding

Elevane kan oppfordrast til å lage same typen oppgåver som kan diskuterast av andre.

Ressursen er utviklet av NRICH

8