Læreplankoblet

Quiz-spørsmål

Problem

Ein quiz har 20 spørsmål. Det blir gitt 7 poeng for kvart rett svar, 2 minuspoeng for kvart feilsvar og 0 poeng for kvart spørsmål ein ikkje har svara på.
 
Jon fekk 87 poeng på quizen.
Kor mange spørsmål hadde han ikkje svara på?

Starthjelp

  • Kor mange spørsmål må Jon minst ha svara på?
  • Kan oppgåva ha fleire løysingar?

Løysing

Jon må ha svara rett på minst 13 oppgåver. Det gir 7 · 13 poeng = 91 poeng.

91 poeng – 87 poeng = 4 poeng. Han må ha svara feil på 2 av spørsmåla.
Då må det vere 5 spørsmål han ikkje har svara på.

Vi skal undersøkje om det finst fleire moglege svar.
Dersom han hadde hatt 14 rette svar, ville det gitt 7 · 14 poeng = 98 poeng.
98 poeng – 87 poeng = 11 poeng. Det går ikkje sidan det er eit partal poeng som blir trekt.

Dersom han hadde hatt 15 rette svar, ville det gitt 7 · 15 poeng = 105 poeng.
105 poeng – 87 poeng = 18 poeng. Det vil seie at 9 svar hadde vore feil. Men det var berre 20 spørsmål, så dette er umogleg.
Det er berre éi løysing: Jon svara ikkje på 5 spørsmål. 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9,10