Læreplankoblet

Reisestatistikk

Aktivitet

I tabellen under ser du ei oversikt over korleis barn i England, Wales og Nord-Irland reiser til skulen.

Reisemåte til skulen, prosenttabell:
 

Tabell med reisestatistikk til skulen.
  • Kva er den vanlegaste måten å reise til skulen på for barneskuleelevar?
  • Kva er den vanlegaste reisemåten for ungdomsskuleelevar?
  • Kan du kome på nokon grunn til at dei to første reisemåtane er forskjellige?
  • Kva er den vanlegaste måten å reise på alt i alt? Kan du forklare kvifor dette svaret er annleis enn svaret på dei to første spørsmåla?
  • Kva trur du kategorien «Andre» betyr?

Utfør di eiga spørjeundersøking om korleis elevar reiser til skulen, for eksempel i klassen din eller på heile klassetrinnet ditt. Presenter resultata dine i ein tabell, eit diagram eller med ein graf. Send oss gjerne funna dine!

Samanlikn funna dine med dei som står i tabellen over. Du kan sjå på anten barneskulen eller ungdomsskulen, avhengig av kor gammal du er.
Korleis er resultata forskjellige?
Er det nokon likskapar?
Kan du kome på grunnar til at funna dine er ulike eller like?

Starthjelp

  • Korleis vil du samle eigne data?
  • Kor mange vil du spørje?
  • Vil du spørje ein og ein?
  • Korleis vil du notere og halde oversikt over det dei seier?
  • Korleis vil du finne prosenten av elevar som reiser på dei ulike måtane?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gir elevane moglegheit til å tolke data og verkeleg tenkje over grunnar til at det oppstår visse trendar, i staden for å berre godta resultata. Dei får også moglegheit til å samle data sjølve til samanlikning.

Mogleg tilnærming

Du kan sjå på tabellen saman med klassen og oppfordre elevane til å diskutere spørsmåla i grupper. Dette er ei god øving før dei utfører si eiga spørjeundersøking. Elevane kan gjerne presentere funna sine på fleire ulike måtar, og dei kan lage ei utstilling av resultata i klasserommet.

Etter at resultata er utstilte (kanskje nokre dagar seinare), kan klassen sjå på dei saman. Ved å skrive ut tabellen i oppgåva kan resultata samanliknast.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis vil du samle eigne data?
  • Kor mange vil du spørje?
  • Vil du spørje ein og ein?
  • Korleis vil du notere og halde oversikt over det dei seier?
  • Korleis vil du finne prosenten av elevar som reiser på dei ulike måtane?
  • Korleis vil du presentere resultata eller funna dine, slik at det blir lett for andre å sjå det du har funne ut?

Mogleg utviding

Elevane kan finne andre spørjeundersøkingar på internett eller i aviser. Du kan også samle nokre artiklar for dei og utfordre dei til å stille spørsmål om datamaterialet og måten det er presentert på.

Mogleg støtte

Elevane kan få tilgang til dataprogram som kan hjelpe dei med å presentere datamaterialet sitt på ulike måtar.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8