Læreplankoblet

Korleis tel vi?

Aktivitet

Kor mange prikkar er det her?

Thumbnail

Korleis talde du prikkane?

Korleis talde dei andre i klassen desse prikkane?

Lærarrettleiing

Her finst det talrike løysingar. Det viktigaste er at elevane med eigne ord, og gjerne ved hjelp av illustrasjonar, forklarer korleis dei har tenkt.

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Aktiviteten gir den vaksne høve til å lære litt om korleis barn visualiserer tal, når dei tel og/eller adderer.

Det viktige i oppgåva er ein samtale der fleire måtar å tenkje på kjem fram og blir reflekterte over. Elevane må forklare sine eigne idear, lytte til andre, samanlikne idear og på den måten oppdage at nokre strategiar er meir effektive enn andre. Samtidig er det lett å sjå at det ikkje finst ein «rett» måte å gjere det på.

Eit nøkkelelement her er at læraren skaper eit læringsmiljø der elevane er komfortable med å dele måtane dei tenkjer på.

Figuren i oppgåva og fleire andre figurar som kan brukast på tilsvarande måte, finn du som kopioriginal.

Mogleg tilnærming

Vis fram den blå figuren så alle kan sjå han. Målet er å få elevane til beskrive det som skjer i hovudet deira når dei tel, for eksempel: «Eg kan sjå tre linjer, ei linje med seks prikkar, ei linje med fem prikkar og ei linje med fire prikkar. Og så er det nokre andre ting imellom.» Det kan godt hende at elevane ser noko heilt anna enn du gjer. Så ver førebudd på overraskingar.

Ein verdifull diskusjon kan det bli dersom du spør elevane kva dei synest om det andre elevar ser når dei tel.

Her er nokre fleire eksempel i ein powerpoint-presentasjon som kan brukast på same måten.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kor mange prikkar ser du?
  • Korleis veit du det?
  • Kva gjorde du?
  • Korleis kan du kontrollere dette?
  • Kva gjorde at du endra måten å telje på denne gongen?

Mogleg utviding

Ein neve småstein spreidd utover eit brett kan leie til liknande spørsmål og diskusjonar.

Elevane kan også telje andre ting dei kjem over, som frøa i ein solsikkeblom, mønster på klede, blomar i eit blomebed eller flekkar på forskjellige dyr.

Mogleg støtte

Det kan vere lettare å telje småstein på eit brett enn prikkar på eit ark.

For somme elevar kan det vere vanskeleg å halde styr på kva dei har talt, og kva som er igjen. Føreslå at dei bruker strategiar for å halde oversikt, som å setje ein liten strek ved sida av kvar prikk dei tel, eller å flytte steinane dei har talt, til den eine sida av brettet. Teljing er ikkje så lett som ein kanskje trur.

Somme elevar synest at teljing er vanskeleg. Bruk «vi» i staden for «du». Du kan seie: «Vi vil finne ut kor mange prikkar det er på dette arket. Korleis kan vi gjere det?»

Ressursen er utviklet av NRICH

8