Læreplankoblet

Kor mange siffer?

Aktivitet

Lene skreiv ned nokre tal:

Thumbnail

Kva trur du var det neste ho skreiv?

Vis/Sjul

Thumbnail

Ho heldt fram med å skrive ned tala, men tok ein pause etter at ho hadde skrive 17 siffer.

1. Kan du finne ut det neste talet ho skreiv, utan at du treng å skrive ned alle tala sjølv? 

Ho heldt fram til ho kom til talet 20.

2. Kor mange siffer hadde ho skrive til saman no?

Starthjelp

Du kan bruke ei tallinje til hjelp.

Løysing

1. 14

2. 31

3. Tala frå 1 til 9 har eitt siffer kvar, og gir ni siffer totalt. Det er elleve tal frå 10 til 20, og alle har to siffer kvar.

Totalt får vi difor 9 + (11 · 2) = 9 + 22 = 31 siffer.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva gir moglegheit til å øve på å skrive og lage ei oversikt over tala frå 1 til 20. Elevane kan bli nysgjerrige på kor mange siffer det er brukt, og det gir eit nytt fokus i ein kjend kontekst.

Mogleg tilnærming

Vis først klassen eit bilete, og be dei beskrive det dei ser, kanskje til ein partnar først og deretter i plenum. Unngå å avvise kommentarar som ikkje verkar heilt relevante – elevane må få lufte alle observasjonar før dei kan fokusere på ei meir spesifikk oppgåve. Spør kva dei trur Lene skreiv som neste tal, og kom etter kvart fram til konklusjonen med at ho heldt på å skrive dei naturlege tala (dei heile positive tala) i rekkjefølgje. Du kan la nokre elevar skrive tala opp til 10, og så spørje kor mange siffer dei skreiv. Dette er ei god moglegheit til å setje fokus på kva eit siffer er, og kva som er forskjellen på siffer og tal.

Deretter kan du leie samtalen mot spørsmåla i oppgåva, og gi elevane tid til å arbeide parvis. Det siste spørsmålet går litt lenger og utfordrar dei til å forklare korleis dei kan finne ut kor mange siffer som er skrivne ned, utan at dei skriv noko sjølve. Høyr nøye på det elevane seier, for å finne ut kven som har god forståing av strukturen i talsystemet, og som ser at dei første 9 tala er einsifra, medan dei neste tala til og med 99 er tosifra.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva vil du gjere i denne oppgåva?
  • Kva meiner vi når vi seier siffer?
  • Korleis kan du svare på spørsmålet utan å skrive ned alle tala?
  • Kva veit du om antalet siffer i dei heile tala?

Mogleg utviding

Du kan stille liknande spørsmål med ei talrekkje som inneheld for eksempel partala.

Mogleg støtte

Nokre elevar kan ha nytte av å bruke ei tallinje.

Ressursen er utviklet av NRICH

8