Læreplankoblet

Månane til Vuvv

Aktivitet

Planeten Vuvv har sju månar som går i kvar sin bane rundt han (i same plan).

Månane heiter A, B, C, D, E, F og G.

A er nærast Vuvv, og G er lengst borte.

Fiktiv planet med syv måner

Når to av månane står på rekkje med planeten, blir det kalla måneformørking. Når tre av månane står på rekkje med planeten, blir det kalla dobbel måneformørking. Når fire månar står på rekkje, blir det kalla tredobbel måneformørking, osb. Ein gong iblant står alle månane på rekkje med planeten, og det blir kalla superformørking. Måne A bruker 1 Vuvv-år på ein heil runde rundt planeten. Måne B bruker 2 år, måne C bruker 3 år, måne D bruker 4 år, osb. Kor lang tid går det mellom kvar superformørking på planeten Vuvv?

 

Starthjelp

  • Du kan byrje med å sjå berre på to månar, og finne ut kor lang tid det tek mellom kvar gong dei står på rekkje med planeten.

  • Kva månar kan det vere lurt å sjå på først?

  • Det kan vere nyttig å bruke ein lommereknar og laga notat etter kvart om det du finn ut.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva gir elevane høve til å arbeide med gongetabellar, faktorar og multipler. Gjennom eit relativt enkelt døme får dei også arbeide med minste felles multiplum.

Mogleg tilnærming

Du kan introdusere aktiviteten munnleg eller på tavla. Etter at elevane har skjønt kva dei skal finne ut av, kan dei arbeide saman to og to. Nokon kan ha nytte av å bruke ein lommereknar, både til å multiplisere med 7 og for å sjekke svara sine.

Etter ei stund ber du elevane fortelje litt om korleis dei arbeider, og korleis dei lagar notat undervegs. Nokon teiknar kanskje illustrasjonar, medan andre lagar lister med tal. Du kan snakke om fordelane ved dei ulike framgangsmåtane, og det kan då hende at nokre av elevane vel å endre framgangsmåte.

Det er ganske sannsynleg at ulike svar dukkar opp. Det vil gi godt høve til å snakke om kva minste felles multiplum er.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Du kan byrje med å sjå berre på to månar. Kor lang tid tek det mellom kvar gong dei står på rekkje med planeten?

  • Kva månar kan det vere lurt å sjå på først?

  • Sjå på to andre månar. Tek det kortare tid for dei å stå på rekkje med planeten?

Mogleg utviding

Du kan fortelje elevane at fleire månar har vorte oppdaga rundt Vuvv. Kan dei finne ut kor lang tid det går mellom kvar superformørking dersom Vuvv også har månar som bruker 8, 9, 10 … år?

Mogleg støtte

Nokre elevar kan byrje med tre eller fire månar før dei går vidare med større tal.

 

Foto forsidebilete: David Menidrey, Unsplash.com

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9